Den norske bokbyen, Fjærland

Mundal, 6848 Fjærland, Sogndal, Sogn Og Fjordane

Den norske bokbyen sel bruktbøker heile året, på nettet og i 12 bokutsal i Fjærland. Nokre av bokutsala er kombinerte med kafé, husflidsutsal og kunstgalleri. Gjennom sumarsesongen er det fleire tilstellingar i bokbyen, til dømes Opningshelgi fyrst i mai, og Boknatti, rundt jonsok kvart år.

Bokbyen i Mundal i Fjærland vart grunnlagd i 1995, og har no om lag 4 hyllekilometer bøker til sals i eit titals utsal av ymse storleikar og opphav: ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale. At Bokbyen baserer seg på gjenbruk også når det gjeld utnytting av ledige lokale, gjer at bokutsala blir svært originale i utforming.

Her er to store butikkar: Den norske bokbyen AS (som har fleire utsal), Straumsvågs Antikvariat, og fleire mindre som spesialiserer seg på ymse litteraturområde.

Den norske bokbyen er open frå mai til september. Både Straumsvågs Antikvariat og Den norske bokbyen AS har kontorverksemd heile vinteren, og byggjer då opp til neste sesong. Gjennom vinteren er her livleg postordresal.

Dette har skjedd på Den norske bokbyen, Fjærland

Fredag 24. juni 2011

20.00

Boknatti 2011 fram til 26/06, Den norske bokbyen, Fjærland

Har du for mykje bøker i hyllene? Kom til Fjærland og sel dei på boknatti. Les meir om kva boknatti er hjå bokbyen. Dette er grunnlaget for boknatti. … Les hele (via Fjærland)

Lørdag 11. desember 2010

12.00

Bommen blir borte, bokbyen held ope, Den norske bokbyen, Fjærland

Bokbysesongen er over for i år, men bokbyen tek ikkje fri for det. Kort sagt: Ope kl 12-15 tre laurdagar på rad frå 27. november, pluss bomfallsdagen.… Les hele (via Fjærland)

Lørdag 4. desember 2010

Lørdag 27. november 2010

Fredag 26. november 2010

Lommeprogram

Skriv ut lommeprogram

Last ned lommeprogram for kommende

Kart