Norsk Trikotasjemuseum

Salhusvegen 201, Bergen, Hordaland

På Norsk Trikotasjemuseum får du vera med på ei omvising i den gamle fabrikken. Du kjenner lukta som heng igjen i veggane etter hardt arbeid og lang produksjon, og du får sjå det gamle karderiet, spoleloftet, strikkeloftet og syloftet og oppleva dei gamle maskinane i sving. Du får også sjå filmen om Salhus der tidlegare arbeidare fortel om korleis det var å jobba på fabrikken.

Salhus Tricotagefabrik blei etablert i 1859, og i 2001 opna Norsk Trikotasjemuseum i lokala til den gamle fabrikken. Trikotasje betyr strikka tekstil, og fabrikken produserte plagg i bomull og ull fram til fabrikken stengde i 1989. Kanskje kjenner du varemerket Krone, kvalitetsmerket på undertøyet som kjem herifrå?

Me har også skiftande utstillingar, museumsbutikk og ein enkel kafé med varme smårettar om sommaren og på søndagar.

Lenke: Norsk Trikotasjemuseum

Dette har skjedd på Norsk Trikotasjemuseum

Lørdag 23. august 2008

11.00

DRA TE’ SALHUS PÅ MARKNADSDAGAR fram til 24/08, Norsk Trikotasjemuseum

Sal av KUNSTHANDTVERK og HUSFLID i fabrikken Siste dag: utstillinga TEPPET 10.000 BLOMSTER GI ein blomst til det nye blomsterteppet i SALHUS Ufullen… Les hele (via bergen360)

Onsdag 28. februar 1912

19.00

Strikkekafe fram til 28/02, Norsk Trikotasjemuseum

Pastentstrikk. På denne strikkekafeen fokuserer me på trenden med å strikka putevar. Me vil mellom anna vise døme på putevar strikka i patentstrikk, o… Les hele (via bergen360)

Lommeprogram

Skriv ut lommeprogram

Last ned lommeprogram for kommende

Kart