6995 Kyrkjebø, Høyanger, Sogn Og Fjordane
Kyrkjebø Ungdomslag inviterer tradisjonen tru til teaterframsyning 17. og 18. mai i Samfunnshuset på Kyrkjebø. Stykket heiter Luft under vingene og er ein komedie av Vivi Scøyen. Handlinga føregår heime hjå familien til Kristina og Jonas, som har to døtre og ein son. Vi får innblikk i kva som rører seg innanfor husets fire vegger i løpet av ein dag. Litt usemje og munnhoggeri kjem for dagen mellom dei heimehøyrande- og meir eller mindre inviterte. Stundom er det vanskeleg å forstå seg på sysken og foreldre..og det kan verte vel trongt under same tak. Men velmeinande råd kjem etterkvart til uttrykk på ulike vis. Frua i huset ber dessutan på ein draum ho håpar snart ser dagens lys. Og Bertram…ja..kven er Bertram? Det får du vite meir om på årets teaterframsyning på Kyrkjebø. Velkomen!
Dette har skjedd på Kyrkjebø samfunnshus, 6995 Kyrkjebø | ||
Kart | ||