Wergelandsveien 29, 0167 Oslo, Oslo
Noregs fyrste litteraturhus opna hausten 2007. Huset er vigt litteratur i den romslegaste tydinga av ordet, og det fyrste året har meir enn 200.000 vitja huset.
Wergelandsveien 29 er Europas største litteraturhus og har rom for mange typar aktivitetar. Det passar både for dei som vil lese avisa over ein kopp kaffi, dei som vil ha mat for tanken på eit av arrangementa våre, og dei som vil halde sitt eige møte.
I fyrste etasje ligg bokhandel, kafé og hovudscena vår, Wergeland. Vidare opp i etasjane har vi fem scener og rom for samtale, debatt og formidling. Ei eiga avdeling er sett av til arbeid med barn og ungdom. Loftet er reservert for forfattarar og skribentar som treng ein arbeidsplass og ein møtestad i Oslo sentrum. Huset har òg ei eiga forfattarleilegheit for utanlandske forfattarar og intellektuelle.
Litteraturhuset er drive av Stiftelsen Litteraturhuset, som vart skipa av Institusjonen Fritt Ord i 2006. Huset er inspirert av ein tysk tradisjon for frie Literaturhaus. Stiftelsen Litteraturhuset er uavhengig og ikkjekommersiell og har til føremål å formidle og vekkje interesse for litteratur og lesing.
Dette har skjedd på Litteraturhuset, Oslo | ||


Kart | ||