Ole Bull Akademiet

Strengjarhaugen 6, Voss, Hordaland

Ole Bull Akademiet har namn og idé etter fiolinisten Ole Bull (1810-80), som
i 1863 ville starte eit akademi som bygde på norsk musikk, og ein ballett
inspirert av norske bygdedansar. Det gjekk over hundre år før institusjoen
vart realisert, med spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa i
spissen. I 1977 kunne Ole Bull Akademiet tilby kurs i slåttespel for
fiolinstudentar frå Norges Musikkhøgskole og Bergen Musikkonservatorium. I
dag er Ole Bull Akademiet ei stifting med økonomisk stønad frå Kultur- og
kyrkjedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Hordaland fylkeskommune og Voss
kommune.

Aktiviteten har auka jamt med åra. Ved utgangen av 2009 hadde over 12.000
studentar frå norske høgskolar og universitet vore på kurs i folkemusikk og
folkedans ved Ole Bull Akademiet. Årleg har vi kring 700 studentar frå
høgare musikkutdanningsinstitusjonar frå heile landet på kurs. Dei fleste
høgskolar og universitet som nyttar tilbodet har gjort kursa desse
obligatoriske.

I tillegg har ein bachelorgradsprogram i utøvande folkemusikk og folkedans,
og i samarbeid med Sebeliusakademiet i Helsinki, Kungliga Musikhøgskolan i
Stockholm og Musikkonservatoriet i Odense har ein 2-årig mastergradsprogram
i nordisk folkemusikk (“Nordic Master”). Ved Akademiet er det også
felemakarverkstad.

Dette har skjedd på Ole Bull Akademiet

Onsdag 6. august

00.00

Ethno Norway fram til 14/08, Ole Bull Akademiet

Ethno er eit ungdomsprosjekt som involverer ungdomar i alderen 15 -30 år. Det vert arrangert over heile verda med kurs i Sverige, Australia, Kroatsia… Les hele (via Folkemusikk- og dans i Noreg)

Tirsdag 12. juni 2012

12.30

Eksamenskonserter Tradisjonsmusikk 2, Ole Bull Akademiet

12.30 Ingebjør Sørbøen, hardingfele 14.00 Laura E. Ellestad, hardingfele 15.30 Ida Furusæter, toradar 17.30 Kari Finne Sognnæs, vokal 19.00 Hilde … Les hele (via Folkemusikk- og dans i Noreg)

Mandag 11. juni 2012

15.00

Eksamenskonserter Tradisjonsmusikk 1, Ole Bull Akademiet

15.00 Margit Myhr, hardingfele 16.15 Sigrid K. Jore, vokal 18.00 Satoko Katagihara, hardingfele 19.15 Erlend Apneseth, hardingfele 20.30 Alexander… Les hele (via Folkemusikk- og dans i Noreg)

Fredag 10. februar 2012

18.00

Seminar "Kor og folkemusikk" fram til 12/02, Ole Bull Akademiet

Seminar for kordirigentar, songpedagogar og folkesongarar. Ein møtestad der kordirigentane får utvikla sin kunnskap om norsk folkemusikk, og folkesong… Les hele (via Folkemusikk- og dans i Noreg)

Torsdag 28. oktober 2010

12.00

Ole Bull og folkemusikken, Ole Bull Akademiet

Seminar “Ole Bull og folkemusikken”, der ein vil sjå på korleis Ole Bull bruka folkemusikken, både som del av ein ideologi og som musikalske byggjeklo… Les hele (via Ole Bull 2010)

Lommeprogram

Skriv ut lommeprogram

Last ned lommeprogram for kommende

Kart