Strengjarhaugen 6, Voss, Hordaland
Ole Bull Akademiet har namn og idé etter fiolinisten Ole Bull (1810-80), som
i 1863 ville starte eit akademi som bygde på norsk musikk, og ein ballett
inspirert av norske bygdedansar. Det gjekk over hundre år før institusjoen
vart realisert, med spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa i
spissen. I 1977 kunne Ole Bull Akademiet tilby kurs i slåttespel for
fiolinstudentar frå Norges Musikkhøgskole og Bergen Musikkonservatorium. I
dag er Ole Bull Akademiet ei stifting med økonomisk stønad frå Kultur- og
kyrkjedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Hordaland fylkeskommune og Voss
kommune.
Aktiviteten har auka jamt med åra. Ved utgangen av 2009 hadde over 12.000
studentar frå norske høgskolar og universitet vore på kurs i folkemusikk og
folkedans ved Ole Bull Akademiet. Årleg har vi kring 700 studentar frå
høgare musikkutdanningsinstitusjonar frå heile landet på kurs. Dei fleste
høgskolar og universitet som nyttar tilbodet har gjort kursa desse
obligatoriske.
I tillegg har ein bachelorgradsprogram i utøvande folkemusikk og folkedans,
og i samarbeid med Sebeliusakademiet i Helsinki, Kungliga Musikhøgskolan i
Stockholm og Musikkonservatoriet i Odense har ein 2-årig mastergradsprogram
i nordisk folkemusikk (“Nordic Master”). Ved Akademiet er det også
felemakarverkstad.
Dette har skjedd på Ole Bull Akademiet | ||
Kart | ||