Berle kyrkje

Berle kapell (Berle kyrkje) vart bygd i 1977. Arkitekt var Alf Apelseth frå Ørsta. Altartavle av Ingjerd Pettersen Hagh.

Kravet om eiga kyrkje i Berle vart reist alt på slutten av 1800-talet – ikkje minst fordi bygdefolket måtte krysse fårlege havstykke for å kome til kyrkje. I 1893 vart det noko betre då Berle fekk eigen gravstad, og syrgjehøgtida vart utført i eit hus like ved.

Heilt fram til kommunesamlinga i 1964 høyrde Berle under Davik kommune, og alt i 1910 – på same tid som folket på nordsida av Nordfjorden fekk eiga kyrkje på Totland – søkte Berle-folket om å verte eige kapelldistrikt, men fekk avslag.

I 1911 starta likevel bygdefolket pengeinnsamling til ny kyrkje, men det var først då biskop Per Juvkam i 1963 fekk utarbeidd teikningar til eit kyrkjebygg nett av same type som skulle byggast i Kilesfjorden i Volda kommune, at saka løyste seg.

Kapellet i Berle stod ferdig i 1977. Då hadde bygdefolket samla inn 200.000 kroner og ytt ein stor dugnadinnsats for å få kapellet reist.

(Kjelde: NRKs Fylkesleksikon)

Dette har skjedd på Berle kyrkje

Søndag 16. november

11.00

Hausttakkefest, Berle kyrkje

Hausttakkefest v/ Lydersen. Barnekoret deltek. Offer : ACTA (via Fjordaglimt)

Søndag 12. oktober

16.00

Konfirmantpresentasjon, Berle kyrkje

Konfirmantpresentasjon v/Lydersen Offer: Sjømannskyrkja (via Fjordaglimt)

Søndag 31. august

11.00

Gudsteneste, Berle kyrkje

Gudsteneste v / Sigurd Vengen Offer: Det Norske Misjonsselskap (via Fjordaglimt)

Torsdag 29. mai

11.00

Konfirmasjonsgudsteneste, Berle kyrkje

Konfirmasjonsgudsteneste v/Lydersen Offer: Kyrkjelydsarbeid (via Fjordaglimt)

Søndag 20. april

16.00

Høgtidsgudsteneste, Berle kyrkje

Høgtidsgudsteneste v/Lydersen. Offer: Barnekoret (via Fjordaglimt)

Lommeprogram

Skriv ut lommeprogram

Last ned lommeprogram for kommende

Kart