Berle kyrkje

Berle kapell (Berle kyrkje) vart bygd i 1977. Arkitekt var Alf Apelseth frå Ørsta. Altartavle av Ingjerd Pettersen Hagh.

Kravet om eiga kyrkje i Berle vart reist alt på slutten av 1800-talet – ikkje minst fordi bygdefolket måtte krysse fårlege havstykke for å kome til kyrkje. I 1893 vart det noko betre då Berle fekk eigen gravstad, og syrgjehøgtida vart utført i eit hus like ved.

Heilt fram til kommunesamlinga i 1964 høyrde Berle under Davik kommune, og alt i 1910 – på same tid som folket på nordsida av Nordfjorden fekk eiga kyrkje på Totland – søkte Berle-folket om å verte eige kapelldistrikt, men fekk avslag.

I 1911 starta likevel bygdefolket pengeinnsamling til ny kyrkje, men det var først då biskop Per Juvkam i 1963 fekk utarbeidd teikningar til eit kyrkjebygg nett av same type som skulle byggast i Kilesfjorden i Volda kommune, at saka løyste seg.

Kapellet i Berle stod ferdig i 1977. Då hadde bygdefolket samla inn 200.000 kroner og ytt ein stor dugnadinnsats for å få kapellet reist.

(Kjelde: NRKs Fylkesleksikon)

Dette har skjedd på Berle kyrkje

Søndag 15. januar

11.00

Gudsteneste, Berle kyrkje

Gudsteneste v/Lydersen. Utdeling av bibel til 5. klasse. Offer: Build Aid. (via Fjordaglimt)
11.00

Gudsteneste, Berle kyrkje

Gudsteneste v/Lydersen. Utdeling av bibel til 5. klasse. Offer: Build Aid. (via Fjordaglimt)

Torsdag 5. januar

11.00

Gudsteneste, Berle kyrkje

Gudsteneste v/Lydersen. Offer: Sjømannskyrkja (via Fjordaglimt)

Søndag 11. desember 2011

18.00

Julekonsert, Berle kyrkje

Julekonsert. Offer: Kyrkjelydsarbeid (via Fjordaglimt)

Søndag 13. november 2011

16.30

Gudsteneste, Berle kyrkje

Gudsteneste v/Lydersen. Offer: Norsk Folkehjelp (via Fjordaglimt)

Lommeprogram

Skriv ut lommeprogram

Last ned lommeprogram for kommende

Kart