Det skulle vare heilt til 1960 før det største senteret i Bremanger kommune fekk eiga kyrkje: Svelgen kapell, teikna av arkitektane Claus og Johan Lindstrøm, som begge hadde røter i Lindstrøm-familien i Lærdal.
Alt i mellomkrigstida vart det arbeidd med planar om eit bedehus på industristaden, men i 1946 vart desse planane endra til at ein ville byggje eit bedehuskapell. Pengevanskar gjorde at det nye kapellet, når det endeleg kom i 1960, vart sparsommeleg og enkelt innreia.
Kjelde: NRKs Fylkesleksikon.
Foto: Arild Nybø.
Dette skjer på Svelgen kapell | ||
Dette har skjedd på Svelgen kapell | ||
Kart | ||