St.Olafs kyrkje – St.Olaf’s Church – Engelskkyrkja

St. Olafs kyrkje, Balestrand. Bygd 1897. Også kalla “Engelsk-kyrkja”. Kyrkja er bygd som etterlikning av ei stavkyrkje.

Arkitekt Jens Zetlitz Kielland. Byggmeister Anders Korsvold, Eivindvik. Altertavle frå 1897 av Emma Pastor Normann. Glasmåleria som kransar det runde koret og anna utstyr, er frå byggjeåret eller seinare.

Kyrkja vert i sommartida nytta av den anglikanske kyrkja, og det er prestar frå England som held preika. Dei arbeider gratis i to veker i “skiftet”, mot fritt opphald på Kviknes hotell.

Underlagt biskopen av Gibraltar
Engelsk-kyrkja sorterer under biskopen av Gibraltar. Han bur i London, men har ansvar for alle utanlandske anglikanske kyrkjer.

(Kjelde: NRKs Fylkesleksikon)

Vert no drifta av veneforeininga “Vener av St.Olafs kyrkje”. Her kan ein verte medlem og slik stø restaureringsarbeid og vedlikehald av kyrkja.
Foto: J.Risa, Balestrand

Dette har skjedd på St.Olafs kyrkje - St.Olaf's Church - Engelskkyrkja

Søndag 9. oktober 2011

11.00

Gudsteneste, St.Olafs kyrkje - St.Olaf's Church - Engelskkyrkja

ved Audun Systad. Takkoffer til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Romania (DNI). (via Kyrkjene i Balestrand)

Søndag 28. august 2011

12.00

Gudsteneste, St.Olafs kyrkje - St.Olaf's Church - Engelskkyrkja

ved Revd Canon Janet Heil. Gudsteneste (på norsk) med inspirasjon frå den keltiske arven. Takkoffer til Vener av St.Olafs kyrkje. Førehandsrøysting ti… Les hele (via Kyrkjene i Balestrand)

Mandag 11. juli 2011

20.30

Konsert med kammerkoret "Musica Practica" frå St.Petersburg, St.Olafs kyrkje - St.Olaf's Church - Engelskkyrkja

Det russiske kammerkoret Musica Practica vart starta i 2009 og består av 16 profesjonelle songarar som til dagleg syng i dei ulike kora i byen. På pro… Les hele (via Kyrkjene i Balestrand)

Fredag 22. april 2011

11.00

Pasjonsgudsteneste, St.Olafs kyrkje - St.Olaf's Church - Engelskkyrkja

ved Audun Systad. Langfredagsgudsteneste. (Ikkje varme i kyrkja: Hugs varme klede/sitjeunderlag) (via Kyrkjene i Balestrand)

Torsdag 24. juni 2010

18.00

Norsk / tysk jonsokmesse, St.Olafs kyrkje - St.Olaf's Church - Engelskkyrkja

ved sokneprest Audun Systad og sokneprest Andreas Ester frå Lavik (preika). Dåp. Salmar på både tysk og norsk. Offer til Vener av St.Olafs kyrkje og i… Les hele (via Kyrkjene i Balestrand)

Lommeprogram

Skriv ut lommeprogram

Last ned lommeprogram for kommende

Kart