Stongfjorden bedehuskapell vart bygd som bedehus i 1908, året etter at det første aluminiumsverket i Norden vart starta i bygda.
Frå 1911 heldt Askvoll-presten to årlege gudstenester på den nye industristaden, og bedehuset vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1914. Men det var framleis berre tale om eit bedehus då 2. verdskrig kom, og tyskarane tok seg difor til rette i bygget og nytta det til sine føremål så lenge krigen varde.
I 1949 vart det bygd ein mellombels klokkestopul, slik at gravplassen kunne takast i bruk, og i 1970 fekk huset tilbygg med kor og sakristi, slik at huset kunne kallast kapell. I 1971 fekk kapellet klokketårn.
Kjelde: NRKs Fylkesleksikon
Dette har skjedd på Stongfjorden bedehuskapell | ||
Kart | ||