Oppvekstsenteret ligg i brebygda Fjærland i Sogndal kommune.
Senteret er delt i skule og barnehage, organisert som ei tenesteeining med felles administrasjon.
I skulen er det 25 elevar, medan det er 24 ungar i barnehagen.
Skulen og barnehagen ligg fint til attmed fjorden, litt i utkanten av Mundal. Skulebygget er det eldste, frå 1952, men har sjølvsagt vorte modernisert noko opp gjennom åra. På 70-talet vart det oppført gymnastikkbygg med tilhøyrande symjebasseng, medan ny barnehage stod ferdig i 1996. Elles har me både idrettsbane og lysløype som næraste nabo.
Dette har skjedd på Fjærland skule | ||
Kart | ||